språkval.no

Framandspråksenteret

tysk (deutsch)

video

Kva?

Ca. 100 millionar menneske i Tyskland, Sveits, Austerrike og fleire andre land har tysk som morsmål. Ingen andre framandspråk ligg så nær norsk som tysk gjer. Det vil seie at du kan kjenne att mange ord allereie før den første tysktimen din. Til dømes: Fotball, fantastisk og framandspråk blir «Fuβball», «fantastisch» og «Fremdsprache» – verre er det ikkje. Sjølvsagt må du også lære ein del grammatikk, men tysk grammatikk er konsekvent og logisk.

Kvifor?

Med tysk blir meir mogleg for deg, både privat, som student og i arbeidslivet. Alt frå kunstnarar og mekanikarar til seljarar og helsepersonell møter på tysk i kvardagen. Har du lært tysk, er du klar for utveksling i Wien, shopping i Berlin og kontrakt i Bayern München.

Noreg og Tyskland er viktige økonomiske og politiske samarbeidspartnarar. Eit tett samarbeid med den økonomiske motoren i Europa er viktig for oss i vesle «Norwegen», men det føreset at mange av oss vel tysk.

Korleis?

Du kan velje tysk på dei fleste ungdomsskolane og på nesten alle dei vidaregåande skolane. Mange vidaregåande skolar tilbyr også tysk som programfag, og det finst gode ordningar for deg som har lyst til å ta eit år i eit tyskspråkleg land. Du kan også ta tysk som privatist.

Når det gjeld høgare utdanning, kan du ta tysk i Bergen, Halden, Kristiansand, Trondheim, Tromsø og Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

engelsk (english)

video

Kva?

Engelsk er eit ekte verdsspråk. Nesten uansett kvar du reiser finn du nokon du kan snakke engelsk med. Språket i seg sjølv er eit resultat av at det er påverka frå alle verdshjørna – inkludert oss i det kalde nord, som i vår tid gav britane ord som «cake» og «knife».

I dag låner vi nordmenn stadig nye ord og uttrykk frå engelsk. Engelsk er offisielt språk i nesten hundre land og tallause internasjonale bedrifter og organisasjonar.

Kvifor?

Dagleg kontakt med engelsk er sjølvsagt for dei fleste, men om du vil snakke flytande og feilfritt krev det ein ekstra innsats. Rår du over engelsk, vil du ikkje berre kunne snakke med 360 millionar morsmålsbrukarar, men også komme nærare menneske i alle landa i verda som har lært engelsk som du har.

Her heime kjem ein ikkje langt utan engelsk, heller. Fleire norske bedrifter bruker i dag engelsk som arbeidsspråk, og mykje undervisning på norske universitet skjer på engelsk.

Korleis?

Alle elevar har engelsk som fellesfag frå 1. trinn til Vg1 (studieførebuande) og Vg1/Vg2 (yrkesfag). Mange ungdomsskolar tilbyr også fordjuping i engelsk. Når du går på studieførebuande, kan du som regel velje å halde fram med engelsk som programfag på vg2 og vg3. På yrkesfag kan du også ta programfaget Internasjonal engelsk.

Du kan studere engelsk på dei fleste universiteta og høgskulane i Noreg.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

fransk (français)

video

Kva?

Norsk har mange lånord frå fransk som vi vanlegvis ikkje tenkjer over. Ikkje berre smakfulle ord som croissant og baguette, men også heilt daglegdagse ord som avis og trikk. Fransk er eit stort og stolt verdsspråk og framfor alt språket for diplomatiet.

Kanadiske ishockeyspelarar, fotballstjerner frå Afrika og sjokolademakarar frå «la capitale de l'Europe», Brussel – det er mange som veks opp med fransk som sitt første språk.

Kvifor?

Fransk blir rekna som eit vakkert språk som det er stas å kunne. Det er også eit viktig språk som opnar dører i alle verdshjørne og i alle moglege slags yrke. Det seier seg kanskje sjølv at du treng fransk dersom du vil peile deg inn på konditor- eller motebransjen, men vi treng også folk som kan fransk innanfor diplomati, utanrikshandel og turisme.

Korleis?

Du kan velje fransk på mange ungdomsskolar og på dei fleste vidaregåande skolane. Mange vidaregåande skolar tilbyr også fransk som programfag, og det finst gode ordningar for deg som har lyst til å ta eit år i eit franskspråkleg land. Du kan også ta fransk som privatist.

Når det gjeld høgare utdanning, kan du studere fransk i Bergen, Halden, Kristiansand, Trondheim, Tromsø og Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

spansk (español)

video

Kva?

Spansk er eit populært språk, og det er ikkje rart. «Español» er nemleg morsmålet til over 400 millionar menneske, og det er offisielt språk i Spania og dei fleste landa i Latin-Amerika.

Spansk har lett uttale og mange felles ord med engelsk. Men du må også vere førebudd på å lære nye ord og å arbeide med verbformer. Jobber du hardt i starten, vil du fort bli ein del av dei «muchos milliones» spansktalande her i verda.

Kvifor?

Anten du skal til Sør-Amerika for å ta økonomifag eller drive bistandsarbeid, og anten du skal til Madrid for å shoppe eller for å studere musikk: Det er lurt å lære spansk på skolen.

Noreg har tette band med dei spansktalande landa, for eksempel innanfor handel og diplomati. Dessutan går det mykje turisme begge vegar, og stadig fleire spanskspråklege bur og arbeider her til lands. Kan du spansk, kan du endeleg lese spanske bøker, forstå latinamerikanske songtekstar og slå av ein prat med Lionel Messi.

Korleis?

Du kan velje spansk på dei fleste ungdomsskulane og på nesten alle vidaregåande skular med. Mange vidaregåande skular tilbyr også spansk som programfag, og det finst gode ordningar for deg som har lyst til å ta eit år i eit spanskspråkleg land. Du kan også ta spansk som privatist.

Når det gjeld høgare utdanning, kan du ta spansk i Bergen, Bodø, Bø, Halden, Kristiansand, Trondheim, Tromsø og Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

latin (gresk)

Kva?

Latin og gresk er dei levande døde blant språka. Norsk er fullt av ord frå latin og gresk, som for eksempel video, keisar og pille. Fagtermar for blant andre legar er ofte på latin – også i Noreg.

Vel du latin, lærer du språket dei snakka i Romarriket. Faktisk var det heilt fram til 1700-talet fellesspråket i Europa, slik engelsk er i dag. Både fransk, italiensk og spansk er moderne etterkommarar av latin.

Kvifor?

Mange yrke har eit «stammespråk» med ord frå latin og gresk. Sjølv om det ikkje er ein føresetnad, kan det vere lurt å kunne språka frå antikken dersom du har lyst til å bli for eksempel arkitekt, biolog, historikar, språkforskar, prest eller lege. Språka frå antikken er systematiske språk. Lærer du latin eller gresk, får du innsikt i korleis språk fungerer generelt. Dessutan slår du mange fluger i ein smekk: Orda du lærer, vil du sidan kjenne att i engelsk, norsk, tysk og så vidare.

Korleis?

Fleire vidaregåande skolar tilbyr undervisning i språka frå antikken. Same kor i landet du bur kan du ta dette faget som privatist. Du kan òg studere disse språka ved universiteta i Trondheim Bergen og Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

portugisisk (português)

Kva?

Portugisisk er eitt av dei fire største verdsspråka, og cirka 250 millionar menneske taler det. I tillegg til Portugal og Brasil er det totalt åtte land som har portugisisk som offisielt språk.

Portugisisk er eit romansk språk, som vil seie at det er i slekt med fransk og spansk. Dersom du kan eitt av desse språka frå før, vil du kjenne att mykje. Men portugisisk har også mange ord felles med «norueguês» og «inglês».

Kvifor?

Portugisisk er eit stort verdsspråk, og dei portugisiskspråklege landa er viktige handelspartnarar for Noreg. Samarbeidet er tett innanfor både miljø, kultur og handel – faktisk sel vi årleg varer for fem milliardar kroner til Brasil aleine. Frå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) er talen klar: Fleire burde lære portugisisk.

Er du kanskje interessert i brasiliansk fotball eller capoeira? Eller vil du forsøke deg på utveksling i Lisboa eller Porto? Portugisisk opnar mange nye dører.

Korleis?

Same kor i landet du bor kan du ta portugisisk som privatist. Du kan også studere det på Universitetet i Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

finsk (suomi)

Kva?

Moi! Mitä kuuluu? Er klar for å lære eit annleis nabospråk? Da er kanskje finsk noko for deg? Naboane våre finnane snakkar, i motsetning til svenskane og danskane, eit heilt anna språk. Finsk er eit komplisert språk, men heldigvis går det veldig fort å lære uttalen.

Dessutan har finsk lånt ein del ord frå svensk og tysk, som for eksempel «ranta». Legg til st- i byrjinga av ordet, og du ser at det betyr «strand».

Kvifor?

Kan du finsk, da skil du deg verkeleg ut! Trass i at det er språket til eitt av nabolanda våre og trass i at det er eit veldig interessant og vakkert språk, er det nesten ingen i Noreg som lærer finsk. Visste du forresten at finsk ikkje berre er i slekt med samisk, men også med estisk og ungarsk? Dessutan ligg Finland langt framme når det gjeld ny teknologi, så det er all grunn til å lære «suomi».

Korleis?

Ein del skular tilbyr finsk, spesielt i Nord-Noreg. Du kan også ta finsk som privatist. Dessutan kan du lære finsk ved Universitetet i Tromsø.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

samisk (sámegiella)

Kva?

Dei samiske språka høyrer heime i Norden. Sápmi, sameland, strekkjer seg ut over store delar av Nordkalotten. I Noreg har vi tre samiske språk: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. I alt er det ca. 25 000 nordmenn som snakkar samisk. Samisk, som er i slekt med finsk og estisk, har ein logisk struktur som er veldig forskjellig frå norsk grammatikk. Mange ord er lånte inn frå norsk.

Kvifor?

Dersom du er interessert i samisk kultur og norsk historie, og du ikkje går av vegen for ei lita språkleg utfordring, da bør du vurdere å lære deg samisk. Samisk er eit krevjande språk å lære, men legg du ein innsats i det, blir du plutseleg kjend med ei heilt ny verd. Lihkku dutnje!

Korleis?

Fleire skular i Nord-Noreg tilbyr nordsamisk som framandspråk, men same kor i landet du bur kan du ta samisk som privatist. Du kan også lære samisk ved Universitetet i Tromsø.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

italiensk (italiano)

Kva?

Pizza, pasta og cappuccino – sannsynlegvis bruker du allereie italiensk kvar dag. Gjennom utvandring har italiensk språk og kultur spreidd seg til heile verda, til stor glede for mange. Italiensk er eit vakkert språk og slett ikkje så vanskeleg å lære!

Italiensk blir snakka av cirka 60 millionar italienarar og omtrent ti millionar italienske innvandrarar over heile verda, særleg i Europa, USA, Australia og Argentina. I tillegg er «Italiano» det femte mest studerte framandspråket i verda.

Kvifor?

Italiensk er perfekt for deg som er interessert i kunst og arkitektur, mat og drikke eller mote og design. Italia er også eit ynda reisemål for norske turistar og stadig fleire italienarar kjem til Noreg.

I overkant av femti norske selskap er etablerte i Italia, blant andre Det Norske Veritas, Hydro og Kværner. Italienske selskap som ENI og Edison er aktive i oljeindustrien i Noreg. Vi eksporterer olje, gass og fisk til Italia og importerer blant anna bilar, briller, matvarer og kvitevarer tilbake.

Korleis?

Fleire vidaregåande skolar tilbyr italiensk. Du kan også studere italiensk ved NTNU (Trondheim) og universiteta i Bergen og Oslo. Ta kontakt med rådgjevar!

Det er tallause høve til å lære språket i Italia: gjennom eit studium i italiensk ved universitetet i Perugia, kunsthistorie og arkeologi i Roma eller design i Milano, gjennom utvekslingsprogram, på språkskolar eller rett og slett gjennom å jobbe i Italia.

polsk (polski)

Kva?

Polen er eit stort land som ligg berre ein kort flytur unna Noreg, men likevel er det få av oss som veit mykje om det. Lærer du polsk, kan du bli kjend med landet, kulturen og menneska.

Dessutan er polsk eit slavisk språk i nær slekt med blant andre russisk og tsjekkisk og derfor inngangsbilletten din til heile Aust-Europa. I motsetning til russisk bruker polsk det latinske alfabetet, og du vil kunne kjenne att ein god del ord frå norsk. Polsk er likevel eit krevjande språk å lære. Tek du utfordringa?

Kvifor?

Visste du at Polen har nesten 40 millionar innbyggjarar, og at landet har sterke økonomiske band med Noreg, eller at det finst veldig mange menneske frå Polen her til lands? Dei utgjer faktisk den største gruppa vår av innvandrarar.

Du kan òg ta høgare utdanning i Polen, der det finst heile tolv universitet som tilbyr medisinutdanning på engelsk. Lånekassa støttar høgare utdanning i Polen, og det er ein stor fordel å kjenne til språket allereie før du pakkar kofferten og set kursen mot «Polska».

Korleis?

Same kor i landet du bur kan du ta polsk som privatist. Du kan òg studere språket ved Universitetet i Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

russisk (ру́сский)

video

Kva?

«Zdrastvojti!» (God dag!)

Eller «Здравствуйте!», som vi ville ha skrive det på russisk. Når vi skriv russisk, bruker vi nemleg det kyrilliske alfabetet. Det er lett å lære og ser veldig bra ut.

Cirka 150 millionar menneske har russisk som morsmål. Enda 100 millionar av innbyggjarane i verda har lært russisk som det første framandspråket sitt. Lær russisk og blir klar for å møte eit hav av nye menneske.

Kvifor?

Noreg og Russland er naboar, og derfor treng mange offentlege organ russisk – som Utanriksdepartementet og Forsvaret. Gode russiskkunnskapar kombinert med ei utdanning innanfor interessefeltet ditt gir deg ein klar fordel når du skal søkje jobb etterpå. I dag arbeider folk med russiskkunnskapar som journalistar, i teater, i olje- og gassbransjen, med reiseliv, IKT og mykje anna. Russland er eit spennande reisemål – kva med fjellklatring på det høgaste fjellet i Europa, Elbrus, eller shopping i Moskva?

Korleis?

Mange ungdomsskular og vidaregåande skular både i Nord- og Sør-Noreg tilbyr russisk som framandspråk. Du kan òg ta russisk som privatist. I tillegg kan du studere russisk ved ei rekke universitet og høgskular.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

teiknspråk

Kva?

Teiknspråk er kanskje det minst kjente språket i Noreg, trass i at det finst rundt 16 500 menneske her i landet som bruker språket til dagleg. Norsk teiknspråk er eit spennande språk med ein heilt eigen struktur og eit teiknforråd som stadig blir utvikla.

Lærer du teiknspråk, lærer du det mest uttrykksfulle språket i verda – eit språk der du bruker både kroppen, hendene og muskulaturen i andletet.

Kvifor?

Mange kjenner nokon som er dauv eller høyrslehemma, og som bruker teiknspråk for å kommunisere med vener og familie. Lærer du teiknspråk, kan du plutseleg ta del i samtalen. Du kan òg jobbe som tolk og mykje anna.

Dessutan lærer du ein heilt annan måte å uttrykkje deg på, eit språk som ikkje bruker ord, men teikn og heile det fysiske rommet. Bruk kroppen din og inviter deg inn i verda til teiknspråkbrukarane!

Korleis?

Det blir undervist i teiknspråk på eit fåtal skular i Noreg som er kombinerte skular for høyrande og høyrslehemma. Dessutan kan du studere teiknspråk og tolking i Bergen, Trondheim og Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

kinesisk (中文)

video

Kva?

Kinesisk er morsmålet til over 1,3 milliardar menneske. I storbyen 上海 (Shànghǎi) aleine bur det nesten fem gonger så mange menneske som i Noreg. Mandarin er Kina sitt bokmål og har lydar vi kjenner frå norsk og engelsk.

Dei kinesiske teikna 汉字 (Hànzì) kan først verke vanskelege, men dei har eit logisk system som gjer det lett å byggje eit stort ordforråd med ein gong ein har lært seg det grunnleggjande.

Kvifor?

Kina er ei økonomisk stormakt, og landet får ei stadig viktigare politisk stilling. Det gjer at det ikkje berre i næringslivet er behov for kinesiskkompetanse, men også i utdanning og offentlege organ.

Kinesisk talast også av mange i andre land som Singapore, Malaysia, Vietnam og Thailand. I stadig sterkare grad rettar verda blikket sitt mot Aust-Asia, og med kinesiskkunnskapar kan du plassere deg i midten av hendingane. Det er ikkje utan grunn at det kinesiske ordet for Kina er «midtens rike».

Korleis?

Stadig fleire ungdomsskular og vidaregåande skular tilbyr kinesisk, men same kor i landet du bur kan du ta dette faget som privatist. Du kan også studere kinesisk ved universiteta i Bergen og Oslo.

Spør rådgjevaren din om kva som er mogleg for deg eller

japansk (にほんご)

Kva?

Japansk språk og kultur er noko heilt anna enn det du er vand med frå Europa. Japanarane bruker «kana» og «kanji» i staden for alfabetet vårt, og kor høfleg du skal vere, avgjer korleis du skal bøye eit ord. Lærer du japansk, må du tenkje utanfor boksen.

Men ikkje alt er like komplisert. Japan har for eksempel berre fem vokalar: a, e, i, o og u. Aust-Asia er viktig for Noreg, og lærer du japansk, får du ein inngangsbillett til verdsdelen. Visste du forresten at kanji-teikna byggjer på kinesiske teikn?

Kvifor?

Japansk er eit stort verdsspråk – meir enn 125 millionar menneske snakkar «nihon-go». Japanarar diggar norsk fisk – og vi elskar tekniske duppedittar frå Japan. Landet er altså ein viktig handelspartnar for Noreg, og det finst mange høve for deg som har ein seljar i magen.

Lærer du japansk, blir du del av ei heilt ny verd. Tør du å gå ut av komfortsona din? Dreg du til Japan, held det ikkje med engelsk. Kan du (litt) japansk, vil mange dører opne seg.

Korleis?

I Noreg er det for tida fire vidaregåande skolar som tilbyr undervisning i japansk: Amalie Skram vgs i Bergen, Oslo handelsgymnasium i Oslo, Frederik II vgs i Fredrikstad og Sonans i Oslo. Tilbudet på Oslo handelsgymnasium er ope for alle elevane på dei offentlege vidaregåande skolane i byen. Snakk med rådgjevaren din for meir informasjon.

Du kan også studere språket på Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs handelshøgskole i Bergen og NTNU i Trondheim.

arabisk (العربية)

Kva?

Arabisk har 300 millionar morsmålsbrukarar i verda. Det blir skrive med eit eige alfabet med 28 ulike konsonantar. Ein skriv frå høgre mot venstre.

Arabisk er offisielt språk i 27 land i verda, noko som gjer det til eitt av dei aller mest utbreidde språka på kloden. Kvart av landa har sine eigne dialektar, som kan skilje seg ganske mykje frå kvarandre. Er du klar for å kaste deg ut i dette spennande området?

Kvifor?

Den arabiske verda er ofte i nyheitsbiletet, og vi høyrer stadig meir arabisk her heime i Noreg. Har du lyst til å gå rett til originalkjeldene for å få med deg det som skjer, eller overraske ein i klassen ved å snakke på hans eller hennar morsmål?

Det er over éin milliard muslimar i verda, og alle har arabisk som religiøst fellesspråk. Når den arabiske og vestlege kulturen møtest, blir mykje kulturelt og kommersielt samarbeid mogleg, og med arabisk i bagasjen opnar mange dører seg.

Korleis?

I Noreg er det for tida berre to vidaregåande skolar som tilbyr undervisning i arabisk: Stavanger katedralskole og Bjørnholt videregående skole i Oslo. Hordaland fylkeskommune tilbyr språket frå 2014-2015. Snakk med rådgjevaren din for meir informasjon.

Du kan også studere språket på Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

koreansk (한국말)

Kva?

Koreansk er det offisielle språket på den koreanske halvøya og blir snakka av nesten 80 millionar menneske. Det koreanske skriftspråket «hangul» er veldig logisk og blei utvikla av vitskapsmenn på 1400-talet etter oppdrag frå kongen. I 1997 blei det koreanske språket registrert hos Unesco som ein del av verdsarven.

Høflegheit og respekt er viktig i koreansk kultur, og det kan ein også sjå i språket. Ved å ha innblikk i det koreanske språket vil ein lettare kunne forstå koreansk kultur og dermed lettare få vener og forretningspartnarar.

Kvifor?

Du har kanskje gått på taekwondo eller høyrt på k-pop? Da er du alt blitt litt kjend med Korea. Men visste du at også mobiltelefonane frå Samsung og tv-ane til LG kjem frå dette fasinerande og framstormande landet i Aust-Asia?

Korea er ofte i nyheitene, men få nordmenn kan språket. Det er på tide at dette endrar seg. Mange norske bedrifter ønskjer å handle med Korea, og Innovasjon Noreg har uttalt at å «komme over kulturelle og språklege barrierar» er blant nøkkelpunkta for å oppnå gode forretningsavtalar i landet.

Korleis?

I Noreg er det til no berre Berg videregående skole i Oslo som tilbyr koreansk som framandspråk. Tilbodet på Berg videregående skole er ope for alle elvane på dei offentlege vidaregåande skolane i byen. Ønskjer du spennande, nye utfordringar som få nordmenn har møtt før deg, kan du snakke med rådgjevaren din for meir informasjon om koreansk.

lenker

Sist oppdatert 17.2.2016 av Framandspråksenteret. Utvikla av Ola Fosheim Grøstad.